 |
Helse Førde yter spesialisthelsetenester til dei 107000 innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Føretaket er i stadig utvikling for å gjere tilbodet best mogeleg innanfor dei rammene styresmaktene set og brukarane forventar. Helse Førde omfattar seks klinikkar og ein divisjon, fordelt på sjukehus, psykiatriske institusjonar og ambulansetenesta i Sogn, Nordfjord og Sunnfjord. Talet på tilsette er nær 2300, og budsjettet er på 1,4 milliardar kroner. Administrasjonen held til ved Førde sentralsjukehus. Det er det statlege Helse Vest RHF som eig Helse Førde.
Vi søkjer etter legespesialist i pediatri. Søkjaren må dokumentere gode samarbeidsevner, erfaring og evne til å arbeide sjølvstendig. Søkaren må meistre eit skandinavisk språk både munnleg og skrifteleg. Må delta i gjeldande vaktordning, og delta i arbeidsordning med 2 dagar/veke poliklinikk på Nordfjordeid. Ein ber om minst to referansar.
Det vert stilt krav om at arbeidstakaren skal kommunisere på norsk munnleg og/eller skriftleg. Helse Førde har prøvetid på 6 månader.
Sjukehuset arbeidar med å skaffe barnehageplass for barn til nytilsett lege. Sjukehuset kan stille med personalbustad. Lønn etter gjeldande overeinskomst.
Barneavdelinga er lokalisert i Førde Sentralsjukehus og tilbyr helsehjelp, kurativ og førebyggjande, til barn i alderen 0-15 år i Sogn og Fjordane fylke. Enkelte grupper av kronisk sjuke vert følgt opp ved Barnepoliklinikken til 18 år. Barneavdelinga er delt i to seksjonar, nyfødtseksjonen og seksjon for store barn (0-15 år), og poliklinikk ved sentralsjukehuset i Førde. I tillegg er det poliklinikk og oppfølging av nyfødde ved sjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid.
Førde sentralsjukehus er ein del av Universitetet i Bergen. Barneavdelinga har ansvar for undervisning i praktisk pediatri for legestudentar og legane ved Barneavdelinga deltek i denne.
Førde er ein by på om lag 11 000 innbyggjarar, innerst i Førdefjorden. Det er 45 min. biltur til kystbyen Florø, og 3 timar til Bergen. Her er kortbaneflyplass med god kommunikasjon til Oslo. Førde er fylket sitt viktigaste servicesenter. Distriktet har er eit breispektra tilbod når det gjeld kultur og eit mangfaldig friluftstilbod både til fjells og ved sjø.
Nærare opplysningar ved avdelingssjef Rolf Horne, tlf. 57 83 90 00.
Skriftleg søknad saman med attesterte kopiar av vitnemål og attestar skal sendast til Helse Førde, Adm., Vievegen 28. 6807 Førde. Søknad merk.: Sak nr. 2006/264. Søknad skal skrivast på "søknadsblankett for legestillingar", den kan lastast ned frå internett-adresse: http://www.legeforeningen.no/skjemaer/stilling.rtf.
Søknadsfrist: 16. juni 2006. Søknadspapir vert ikkje sendt i retur.
Vennligst referer til medrek.se når du søker stillingen.
Søk stillingen online...
|
|
 |
|

|
|